Home
 
Velkommen til Omdalskifer
Litt om Omdalskifer PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Administrator   
lørdag 07. juli 2007 10:54

Det var i 2006 søkt om prøvedrift i visse området langs etablert skogsbilveg frå Omdal mot Visåsen avkøyrsel frå fylkesveg 805. Prøvedrifta bygger på lokalitetar anbefala av geolog Ellen Sigmond. Drifta har vist seg relativt positiv og ein ser trongen for å regulerer delar av området.

Beskriving av området

Området ligg i Tokke kommune på nord vest sida av Visåsen. Etter geologiske undersøkingar i Tokke / Vinje 2004-2006 fekk grunneigar tilbakemelding frå kommunen og geolog frå NGU om positive funn i vegskjering i det aktuelle området. Det er varsla oppstart av planarbeid for det aktuelle området. Vegen ut til Visåsen vart etablert på 60 talet i samband med Tokkeutbygginga og 300 KV kraftliner (Tokke – Lio – Vinje). Vegkroppen består av sprengsteinsfylling med grusdekke. Det er etablert stikkrenner der avrenninga tilseier trongen for dette. Visåsen ligg langt frå fast busetnad. Dei næraste naboane bur i Skålebygdi på nordsida av Tokkeåi om lag 1,4 km i luftlinje frå Visåsen. Under varsel vart tre området aktuelle som moglege for produksjon av byggestein/murestein. Det er no i ettertid avklara at ein gjeng vidare med området 1 – Visåsen. Området rundt Visåsen har minst helling og viser god kvalitet på stein. Det er og praktisk å etablere seg på ein stad med tanke på riggområdet med meir.

Geologi

Geologien i området viser ei forkasting mellom metabasalt og kvartsitt. Det er i hovudsak skifrige bergartar med kvartsitt i området. Det er ikkje tatt mineralogiske prøver for eksakt samansetning. Prøvedrift viser gode resultat for uttak av stein til tørrmuring, heller og i visse området er skifrighet svært god, ned til 15 mm.

Sist oppdatert torsdag 14. mai 2009 20:24